Kva tyder diakonen for det lokale kyrkjelege velferdsarbeidet?

Samanhengen mellom diakonal profil og det å ha diakoni norske kyrkjelyda

Forfattere

  • Olav H. Angell

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v28i2.5103

Sammendrag

Artikkelen handlar om det lokale velferdsarbeidet, diakonien, som vert organisert med utgangspunkt i kyrkjelydane i Den norske kyrkja. Kva tyder det å ha diakon for kva profil dette arbeidet slik det vert tenkt om det i kyrkjelydane og ut frå praksis? Dette vert undersøkt både i kontrast til det å ha (berre) såkalla diakoniarbeidar, oftast ein person utan formell kompetanse på feltet, og det ikkje å ha nokon av desse funksjonane. Resultata er baserte på analyse av svara på strukturerte spørjeskjema frå alle bispedøma unntatt Tunsberg. Faktoranalyse viser at vi kan skilje mellom ulike diakonale profilar i kyrkjelydane. Det å ha diakon tyder meir for den diakonale praksisen i kyrkjelydane enn tenkinga om kva som er viktige område for innsatsen, og meir for nokon av profilane enn andre. Undersøkinga viser også at gjennomgåande tyder det å ha diakon meir for velferdspraksisen enn det å ha diakoniarbeidar.

Nedlastinger

Publisert

2020-10-27

Utgave

Seksjon

Fagfellevurderte artikler