Liv og liturgi à la Lukas

Ei skisse til å forstå og leva i gudsteneste på sundag og kvardag – inspirert av Lukas-evangeliet sitt særstoff

Forfattere

  • Stein Ødegård

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v30i1.5135

Sammendrag

Kva kan ein finna ved å leggja hovudgudsteneste for Den norske kyrkja og Lukas-evangeliet sitt særstoff ved sida av kvarandre og sjå dei synkront?Artikkelen skildrar ei fascinert oppdaging i spennet mellom vanleg prestekvardag og teologiskrefleksjon. Særstoffet i Lukas-evangeliet handlar i overraskande stor grad om gudstenesteog omgudsmøte med stor relevans for gudstenesteliv. Gudstenesta sin liturgi og hovudnerve er ”Lukas-inspirert”, altså gjenkjennbar i Lukas-evangelietsitt særstoff. Artikkelen ser dette med eit overraska blikk, utfaldar funna og reflekterer over kva detinneber at det nettopp er Lukas-evangelietsom står oppbygginga og innhaldet i gudstenesta så nært.Det demrar ei forståing av nært forhold mellom gudsteneste og diakoni, der gudstenesta si meininger å utgjera evangeliet si kraft i dag, anten det er sundag eller det er kvardag. Både guds tenesta ogLukas-evangeliet si meining kjem klarare i dagen ved å sjå dei synkront.

Nedlastinger

Publisert

2020-10-26