Kva skal dagens unge med ein ”venn som har gitt sitt liv”?

Evangelieformidling til unge i lys av Jesu vennskap som asymmetrisk og autentisk

Forfattere

  • Bård Eirik Hallesby Norheim

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v31i1.5148

Sammendrag

Denne artikkelen tek for seg Jesus som venn (Jfr. Joh 15,12–17) for dagens unge, med særleg vekt påkorleis det kan vera mogeleg å fortolka og formidla Jesus som ein autentisk,her forstått som nær -verande,venn, og korleis ein kan forstå og formidla eit vennskap som framstår grunnleggjandeasymmetrisk.Artikkelen startar med å analysera eit utval kristne lovsongar og preiker retta mot ung-dom og unge vaksne, der Jesu vennskap som asymmetrisk og autentisk vert tematisert. Medutgangspunkt i denne analysen drøftar artikkelen på kva måte Jesus som ein asymmetrisk og auten-tisk venn kan fortolkast som eit evangelium for dagens unge. Her argumenterer artikkelforfattarenved hjelp av ein luthersk teologi for Kristi nærvær at Jesus er ein venn som kan vera nærverandebåde som ei asymmetrisk gåve gjennom Ordet og sakramenta, og som autentisk nærverande i,under og bak all menneskeleg erfaring, som i symmetriske vennskapsrelasjonar, nettopp som nær-været som fyller og mogeleggjer menneskeleg kjærleik og vennskap. Artikkelen avsluttar med eitkort homiletisk utblikk mot ei evangelieformidling som er både diakonalt og profetisk innretta, vedå p(r)eika med seg sjølv, bort frå seg sjølv,slik døyparen Johannes gjorde (Jfr. Joh 1,19–29).

Nedlastinger

Publisert

2020-10-26

Utgave

Seksjon

Fagfellevurderte artikler