Bibelen i liturgien: Markus 10,13–16 som “den liturgiske bibelteksten”
DOI:
https://doi.org/10.48626/tpt.v42i2.5648Emneord (Nøkkelord):
Markus 10 13-16, Bibelresepsjon, Dåpsliturgi, Den liturgiske bibeltekstenSammendrag
Artikkelen undersøker korleis Markus 10,13–16 får meining som ein liturgisk tekst. Omgrepet «den liturgiske bibelteksten» synleggjer at bibelteksten som vert gjengjeven i dåpsliturgien kan seiast å vere ein annan enn bibelteksten som står i Bibelen. For bibelteksten vert forma gjennom eigne utsnitt og paratekstar, tekstkoplingar i liturgien og gjennom rituell iscenesetting.
Målet med studien er å undersøke korleis brukskontekstens materialitet, i dette tilfelle i liturgien for barnedåp, formar bibeltekst og teksttolking. Spørsmålet eg stiller er: Korleis formar dåpsliturgien Mark 10,13–16? Hovudmaterialet utgjer Den norske kyrkja sine dåpsliturgiar, frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Artikkelen viser korleis Mark 10 får meining i samspel med luthersk dåpsteologi og den kulturelt etablerte forteljinga om Jesus og barna, noko som i neste omgang får konsekvensar også for bibelomsetjingane.
Nedlastinger
Statistikk
Nedlastinger
Publisert
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2025 Tidsskrift for Praktisk Teologi

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.