Konventikkelplakaten og Hans Nielsen Hauge sitt forhold til den
DOI:
https://doi.org/10.48626/ntm.v75i1-2.5425Sammendrag
I norsk historie blir konventikkelplakaten frå 1741 sjeldan nemnd anna enn saman med omtale av Hans Nielsen Hauge. Artikkelen prøver å gjera greie for denne plakaten og å sjå nærare på det forholdet Hauge hadde til plakaten gjennom dei ulike fasane av sitt liv. Korleis vart plakaten motteken og brukt, og kva innverknad hadde han på Hauges liv og verksemd? Lenge nekta Hauge å tru at plakaten kunne hindra han i utføra sitt livskall som kristen. Seinare måtte han godta at plakaten hindra han i hans måte å utøva si gjerning på, men streva med å finna ei grunngjeving for at dette kunne vera rett. Han fall neppe til ro med tanken på at han skulle ha handla ille gjennom sine mest aktive år. Konventikkelplakaten måtte han livet ut oppleva som ei bremse på fullføring av sitt kristenkall.
Nedlastinger
Publisert
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2021 Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International License.
Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap er i dag et digitalt tidsskrift som er tilgjengelig gratis for alle. Artikler gjøres offentlig tilgjengelige med en såkaldt Creative Commons lisens CC BY-ND på tidsskriftets hjemmeside. Dette innebærer at alle står fritt til å gjenbruke artikkelen under forutsetning av at opphavspersonen blir navngitt.