Dåpssamlingar i Den norske kyrkja
DOI:
https://doi.org/10.48626/tpt.v36i1.5365Sammendrag
Dåpssamlinga er eit viktig møtepunkt mellom dåpsforeldre og kyrkja. I artikkelen avgrensar eg meg til å undersøka korleis prest og kateket legg opp samlingane, og spør korleis formidling, sosialisering og aktiv deltaking samverkar i opplegget. Artikkelen byggjer på eit empirisk materiale som er kome i stand gjennom observasjon av dåpssamlingar og kvalitative forskingsintervju i seks kyrkjelydar i to bispedøme. Fokus i presentasjonen og drøftingane er kva kunnskaps- og læringssyn som ligg under og pregar opplegget for dåpssamlingane. Sjølv om sosialisering og aktiv deltaking er ein del av dåpssamlingane, finn eg at dei er sterkt prega av det eg i artikkelen kallar formidling, og utfordringa er særleg å involvera dåpsforeldra meir i dialog.
Nedlastinger
Publisert
2019-06-15
Utgave
Seksjon
Fagfellevurderte artikler