Frå Edinburgh til verdas ende
Utviklingstrekk i fortolkinga av kyrkjas misjonsoppdrag, 1910-2010, i lys av to talar
DOI:
https://doi.org/10.48626/ntm.v75i3.5459Resumé
Denne artikkelen samanliknar to talar av sentrale, norske kyrkje leiarar og diskuterer deira misjonsteologiske implikasjonar, nemleg NMS-general sekretær Lars Dahle sin tale på Edinburgh-konferansen i 1910 og KV-generalsekretær Olav Fykse Tveit sin tale på konferansen i Cape Town i 2010. Ved hjelp av ein fokusert, retorisk analyse av dei to talane og ei samanliknande drøfting av den implisitte og eksplisitte misjonsteologien dei to talane formidlar, ønskjer vi å bidra til å avdekkja nokre viktige utviklingstrekk i korleis kyrkjas misjonsoppdrag har blitt og blir forstått. Der Dahle gir praktiske råd om korleis kristne misjonærar skal opptre klokt og ansvarleg i møte med heidenske myndigheiter, så understrekar Fykse Tveit at kyrkja først og fremst er eit instrument for å skapa fred og forsoning. Dahles tale kan bli forstått i lys av ønsket om å nå alle menneske med evangeliet. Fykse Tveits tale re!ekterer først og fremst den moderne økumeniske rørsla sin misjonsteologi som hadde vekse fram i dei hundre åra etter misjonskonferansen i Edinburgh i 1910.
Downloads
Publiceret
Nummer
Sektion
Licens
Copyright (c) 2021 Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap
Dette værk er under følgende licens Creative Commons Navngivelse – Ikke-kommerciel – Ingen Bearbejdede Værker (by-nc-nd).
Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap er i dag et digitalt tidsskrift som er tilgjengelig gratis for alle. Artikler gjøres offentlig tilgjengelige med en såkaldt Creative Commons lisens CC BY-ND på tidsskriftets hjemmeside. Dette innebærer at alle står fritt til å gjenbruke artikkelen under forutsetning av at opphavspersonen blir navngitt.