Éin kyrkjelyd med fleire gudstenestefellesskap?

Ei drøfting av forholdet mellom tradisjonell tenking omkring gudstenesta sin samlande funksjon i kyrkjelyden og nyare misjonal kyrkjeforståing

Authors

  • Arne Berge

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v28i2.5102

Abstract

Artikkelen drøftar spørsmålsstillingar knytt til utviklinga av nye gudstenestefellesskap og kyrkjelydsformer innanfor Den norske kyrkja, med særleg vekt på utviklinga i Stavanger bispedømme dei siste 25 åra. Forfattaren tar utgangspunkt i ei misjonal kyrkjeforståing og føreset at Den norske kyrkja bør møta den låge gudstenestedeltakinga med større variasjon i gudstenestefeiringa. Han drøftar om nye gudstenestefellesskap bør forståast som eigne kyrkjelydar eller som ein del av tilbodet i eksisterande kyrkjelydar, og spør i samband med dette om ein kyrkjelyd kan ha fleire gudstenestefellesskap utan å vera splitta. Forfattaren hevdar at dette under visse føresetnadar er mogleg. Han hevdar vidare at det kan vera gode grunnar for varsemd med bruken av ordet ”kyrkjelyd” om nye gudstenestefellesskap. Artikkelen konkluderer derfor med at slike fellesskap i utgangspunktet normalt bør forståast som ein del av tilbodet i eksisterande kyrkjelydar.

Published

2020-10-27