Liv og liturgi à la Lukas

Ei skisse til å forstå og leva i gudsteneste på sundag og kvardag – inspirert av Lukas-evangeliet sitt særstoff

Authors

  • Stein Ødegård

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v30i1.5135

Abstract

Kva kan ein finna ved å leggja hovudgudsteneste for Den norske kyrkja og Lukas-evangeliet sitt særstoff ved sida av kvarandre og sjå dei synkront? Artikkelen skildrar ei fascinert oppdaging i spennet mellom vanleg prestekvardag og teologisk refleksjon. Særstoffet i Lukas-evangeliet handlar i overraskande stor grad om gudsteneste og om gudsmøte med stor relevans for gudstenesteliv. Gudstenesta sin liturgi og hovudnerve er ”Lukas-inspirert”, altså gjenkjennbar i Lukas-evangelietsitt særstoff. Artikkelen ser dette med eit overraska blikk, utfaldar funna og reflekterer over kva det inneber at det nettopp er Lukas-evangeliet som står oppbygginga og innhaldet i gudstenesta så nært. Det demrar ei forståing av nært forhold mellom gudsteneste og diakoni, der gudstenesta si meining er å utgjera evangeliet si kraft i dag, anten det er sundag eller det er kvardag. Både gudstenesta og Lukas-evangeliet si meining kjem klarare i dagen ved å sjå dei synkront.

Published

2020-10-26