Kva skal dagens unge med ein ”venn som har gitt sitt liv”?

Evangelieformidling til unge i lys av Jesu vennskap som asymmetrisk og autentisk

Authors

  • Bård Eirik Hallesby Norheim

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v31i1.5148

Abstract

Denne artikkelen tek for seg Jesus som venn (Jfr. Joh 15,12–17) for dagens unge, med særleg vekt på korleis det kan vera mogeleg å fortolka og formidla Jesus som ein autentisk, her forstått som nærverande, venn, og korleis ein kan forstå og formidla eit vennskap som framstår grunnleggjande asymmetrisk. Artikkelen startar med å analysera eit utval kristne lovsongar og preiker retta mot ungdom og unge vaksne, der Jesu vennskap som asymmetrisk og autentisk vert tematisert. Med utgangspunkt i denne analysen drøftar artikkelen på kva måte Jesus som ein asymmetrisk og autentisk venn kan fortolkast som eit evangelium for dagens unge. Her argumenterer artikkelforfattaren ved hjelp av ein luthersk teologi for Kristi nærvær at Jesus er ein venn som kan vera nærverande både som ei asymmetrisk gåve gjennom Ordet og sakramenta, og som autentisk nærverande i, under og bak all menneskeleg erfaring, som i symmetriske vennskapsrelasjonar, nettopp som nær-været som fyller og mogeleggjer menneskeleg kjærleik og vennskap. Artikkelen avsluttar med eit kort homiletisk utblikk mot ei evangelieformidling som er både diakonalt og profetisk innretta, ved å p(r)eika med seg sjølv, bort frå seg sjølv, slik døyparen Johannes gjorde (Jfr. Joh 1,19–29).

Published

2020-10-26

Issue

Section

Peer reviewed articles