Gudsteneste mellom heilag handling og myndiggjering av menigheten
DOI:
https://doi.org/10.48626/tpt.v31i1.5152Abstract
Hovudpoenget med denne artikkelen er at vårt arbeid med gudsteneste ikkje må slutta i og med at vi nå har gjennomført ei gudstenestereform. I artikkelen stiller eg spørsmål om kva ei gudstenestegrunnleggande sett er, og korleis vi skal uttrykka det. Mitt svar er at gudsteneste grunnleggande sett er eit dobbelt møte. Det er på den eine sida Guds møte med sitt folk. I gudstenesta blir vår identitet som skapte i Guds bilete stadfesta og verkeleggjort. Dette har eigenverdi ut over tid, stad, tal og stemning. Samtidig er det eit møte der Gud søker å myndiggjera menigheten. I dette perspektivet blir både form, innhald, tid, stad, kommunikasjon og målretta formål aktuelle spørsmål. Eg hevdar at kvar gudsteneste skal spegla kyrkjas vedkjennande, misjonerande og diakonale dimensjon. Artikkelen søker å reflektera over korleis vi som aktørar med ulikt ansvar for gudstenesta tenker, arbeider og planlegg i dette perspektivet.