Ord til å vakne av? (Og kanskje også til inspirasjon til å kvile med godt samvit?)

Ei sakssvarande forkynning i møte med klimakrisa

Forfattere

  • Rolv Nøtvik Jakobsen

DOI:

https://doi.org/10.48626/tpt.v41i2.5580

Sammendrag

Det går ikkje lenger å lukke augo eller prøve å bolte igjen øyra: Vi er nøydde til å ta alvoret inn over oss. Alt liv på kloden er truga og dersom ikkje vi, menneska, handlar raskt og målmedvite saman, vil dei menneskeskapte klimaendringane kunne føre til ein katastrofe av ufattelege dimensjonar. Vi kan merke det på kroppen, på uveret med regn og storm og i lange periodar med ulideleg varme. Vi kan høyre og sjå det på nyheitene og også i vervarsla. FNs generalsekretær tar i bruk dei heilt store orda for det internasjonale klimatoppmøtet: «Vi er på veg til klimahelvetet med foten på gasspedalen». Vi kan sjå det i augo til dei vi møter: Mange unge er redde, fleire av dei ser ikkje anna råd enn å arbeide dag og natt for å hindre den store katastrofen. Nokre er lamma av angst og motløyse, andre er slitne på kropp og sjel. Og det heile set sit preg på den måten vi snakkar med kvarandre på og dei orda vi gjer bruk av: klima-angst, klima-skam og miljøkatastrofar til dømes. 

Nedlastinger

Publisert

2024-12-29